mandag 13. august 2012

NY LÆRDOM

Det kan hende eg har misforstått alt. Eg gjer ofte det. Ikkje er eg den smartaste kniven i skuffa heller.
Men, høyr her: på spinningtimen fekk me beskjed om at me gjorde oss sjølve ei bjørneteneste ved å driva med spinning.... For, me trente då den aller viktigaste muskelen, altså hjarta, og det blei sagt å vera ei investering.
Er eg uhøfleg dersom eg tar mitt eige headset på neste gong på spinning? Så slepp eg å høyra?
Symjarane i OL gjer jo det. Men det er nok ikkje bjørnetenester dei driv med.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Den der instruktøren tråkket i grøten, spør du meg.

Anonym sa...

Bjørneteneste er vell det same som ei kjempediger teneste!?
Å smarte knivar er vell det same som skarpe knivar:-)

Related Posts with Thumbnails