onsdag 21. desember 2011

LITT GØRR INNIMELLOM ALT GLITTERET

Sånn, då var julesengetøyet på plass...... Ganske godt gjort i grunn, med tanke på den dobbeltsidige lungebetennelsen som herjar kroppen.
Har du ikkje julesengetøy seier du? Makan! Einkvar møblert heim har vel det?
Slapp av, eg er ikkje der. Men har faktisk eit raudfarga sett i skapet, og når ein likevel skulle skifte så..
Jul blir det nok i år og, om du ligg i silkedyner eller i halm.
Faktisk er det julepynta i My-huset òg, men juletrenekten står fortsatt ved lag. Det er nesten farleg å seia det, og nokre av dei som kjenner meg trur meg ikkje, men eg likar faktisk ikkje jul så godt. Prøver så godt eg kan, men nei, dessverre.
Jovisst hyggar me oss, det er ikkje det. Heller ikkje har eg traumatiske juleminner med i bagasjen frå fortida. Eg synes berre det er litt pes, men alt er vel kanskje kva ein gjer det til?

Blir interessant det der med pinnekjøtt dette året. Lurar på om eg klarar å helda tankane vekke frå mi eiga ribbe, som eg truleg har hosta på meg ein brist i. ;) Himla vondt er det i alle fall!
Så, så, dette blei litt sytete - hald ut med meg kjære lesar.
Og: god jul då, om det er slik eller slik!

4 kommentarer:

Shy sa...

Ups! Julesengesett har eg ikkje, ikkje julepute eller julehandkle heller..Eg er ikkje så frykteleg julete. Huset er ikkje overpynta, men treet er på plass akkurat i skrivande stund ;)
Mange som har lungebetennelse for tida. Mannen her hostar som ein gal!
God betring til deg!

Elisabeth, innerst i veien sa...

Jeg har et julehåndkle jeg vant en gang....det burde jeg kanskje finne nå?!

God bedring.

Pia sa...

Har ikke på julesengetøy, men selvfølgelig skal det fram, ja! Noe annet ville vært utenkelig! Ønsker deg og dine ei flott jul!

Whitebite sa...

Har julesengtøy til barna..
Måtte jula di bli strålende god!
klem:)

Related Posts with Thumbnails