mandag 10. oktober 2011

EPISODE TREMILLION

Kvalifiserar dette til ein episode i finsk fjernsynsteater?
- Mor i huset samlar saman tomme ølboksar ho finn på vaskerommet. Boksane fyller to bæreposar. Mor i huset tuslar i kveldsregnet til butikken for å panta. Pantepengane byter ho inn i vaskepulver. Så går ho vidare.

(sanninga er at My gjorde dette som ein del av kveldsspaserturen. To flåger i ein smekk liksom. Men ænivei: ingen andre i heimen pantar tomme boksar og flasker, aldri - never! Drama frå virkeligheten er det uansett. Og med haustlege kulisser kunne det lett sjå ut som ein finsk tragedie. Vaskepulver....)

4 kommentarer:

Unknown sa...

Det kunne komme mange slike innlegg inne på tingene våre og...
Eks: det hender aldri, aldri at nokon andre heng opp ny dorull når den forrige var tom. Ny rull blir plassert oppå tom rull, eller på golvet.
(nå blir det jo ingen rusletur av ein slik episode...så det var kanskje ein feil samanlikning...men du forstår sikkert samanhengen likevel ;)

Elisabeth, innerst i veien sa...

Grått, høstregn og armod - definitivt materiale for finsk fjernsyn.

Trine sa...

Dette er østeuropeisk drama!

Shy sa...

Hehehe! Eg kan sjå det heile føre meg, tragisk ;)

Related Posts with Thumbnails