tirsdag 20. juli 2010

OM VÈR OG VIND

Nå skal eg ikkje skryta på meg at eg har lang lunte, men sånn vèrmessig er nok lunta lengre enn -eh- forventa.. Joda, eg kan godt bruka dagar på badestranda eg, frå morgon til kveld, det er deilig det - spesielt når stranda er i gangavstand frå huset/Godset. Men akkurat nå, i denne fasen av livet, er det liksom like greit med rufsete vèr, synes iallefall My. Det er nemleg då det er godt med vafler, inne. Reiseradioen er festleg uansett regn eller ei. Ein kan til dømes dikta opp sin eigen dans (!)... det gjorde storeFrø og eg idag :) Og den gjekk slik: fireskrittfram-fireskrittbaklengs-snurrerundt-3klappihendene !! Ikkje akkurat Glow-dansen heller, men ok nok.
Fint å sleppa sandkorn i foldene, både mine og litleFrøet sine. Og kva skal ein baby på ei sandstrand? Pøh!
Kanskje du trur det er sjølvaste Polly Anna som sit her og skriv? Du hugsar vel henne? -Det var ho som leika være-glad-leken. Polly Anna ynskte seg ei dukke til jul, men ho fekk ei krykke. Men Polly Anna handterte det så fint: ho var glad ho slapp å bruke krykka! Sludder og vås, spør du meg. Nei, være-glad -lek er eg dårleg på.
Heilt ærleg: eg kosar meg på Godset (eller TomGodset, som Mannen likar å kalla det), uansett høgtrykk eller lågtrykk. I trekkfulle hus har me faktisk ein suveren klestørk innandørs! Tji-hi. :)

8 kommentarer:

Hello Baby Lou sa...

Godt å evne og ikke la været styre humøret. Det finnes jo artigere ting å ta seg til enn å klage over været.. Ha en finfin uke!

Elisabeth, innerst i veien sa...

He he, ooooptimist, jeg vet det går bra til siiiist.

Trine sa...

Du høres ut som du er like glad uansett været. Og siden været er noe man ikke kan gjøre noe med - er det jo like greit å ikke sutre.
Jeg synes sånn halvgreit som vi har det nå - er ganske ålreit. Vi kan være ute, leke, gå tur... Men litt for riski å kle på seg bikini. Og DER er jeg fornøyd. Jeg vil helst vente med bikini til neste år. Skal nemlig trene masse til vinteren. Øh..

Ingeborg B. Hansen sa...

Eg hugsar Pollyanna.

Anonym sa...

Skal lera StoreFrø Macarena eg.. :) Den MammaMy eg kjenner pleier å vera værsjuk og strandgalen.Ho er kjend for å vera på plass på "sand" før andre har tenkt å stå opp. Då hadde ho benka seg på eit stripete badehåndkle, kaffi på termos og MYKJE go mat i plastboksar. Storfamilien var på plass, alle i ein radius på 20 meter. Tanter långveisfrå, fedre med trillebår og evt båt, venninner med avanserte salatar (med nok bestikk til alle som ville smaka) naboar med sladder og sist men ikkje minst meg. halsande med ein guttunge på slep, alltid for seint, men like velkommen på strandas beste plass, okkupert av den som var der fysst nemlig DU! God strandsommar, eg vett du gler deg, innerst inne:) Mvh din gode venn Bjørnsen

Shy sa...

Hehe! Eg ser virkeleg fram til stooore nedbørsmengder her! Kanskje vert det ein rekord? - Og det er no kjekt. Bikini er eg slutta med, så sånn sett er veret greit....

Lina sa...

Det er godt at noen klarer å se lyspunktene i den gråe hverdagen! Jeg er også fan av vafler og dans - så har det egentlig ikke så verst jeg heller... :)

Goooood sommer!

Anonym sa...

Heisann alle sammen på Godset:-) høres ut som om dere har d bra i det norske sommerværet, og d er godt:-) Etter 2 uker i varmen, håper nå vi på litt mer sommer her hjemme også, d hadde gjort godt..... med eller uten sand mellom tærne:o) ha en riktig god sommer videre. Klem fra smiley og co:-)

Related Posts with Thumbnails