mandag 12. juli 2010

HEIME

Fint å vera på Godset. Dette er heime for meg, sjøl om det snart er 20 (gulp) år sidan eg budde her. Må alltid rekna minst ein halv time ekstra når eg skal eit lite ærend på ein butikk eller noko. -For ein treff ALLTID "kjensfolk", og då slår ein sjølsagt av ein prat. Jovisst, dette er bygda, sjøl om nokre av plassene, i namnet, har fått bystatus. Men blodharry, det er sikkert og visst. Ikkje for å hovera, er blodharry sjøl eg av og til. Kan tilogmed strekkja meg til å synast at menn i singlet, MED bart er fint. Men då strekkjer eg meg langt altså. ;) Likar country-musikk òg innimellom, karaokemaskin eig eg visst òg. Er ganske internasjonalt her, lite burka, men faktisk heile 3 thai-take-away-boder innan ein radius på 200 meter..... Jajjamensann. Litt spenning har me òg i ferien: feks har eg vore ute på haugane her, på trusejakt! -Jepp! Sterk vind her ved havet, og klestørk ute, utan klesklyper, gir spennande scenar -i det minste for naboen, som ser på feriefolket som leitar etter undertøyet sitt....
Trudde faktisk taket på Godset skulle fyka av her ein kveld. -Berre ei "vindråsa" sa dei, dei som har greie på slikt. Men nå er eg cirka aklimatisert til å vera her heime, i ordets rette og i overført betydning. Så nå er det vel rett før eg syklar bort til den lokale puben for å: a) bli beglodd b) drikka meg dritings c) høyra på Øystein/Per/Jonny synga coverlåtar i dunkel belysning (dårleg med etternamn på plakatane her..) Den som lever OG syklar får sjå. ;)
Fortsatt god ferie/sommar folkens!

4 kommentarer:

Trine sa...

Haha. Du har hatt alle elementene en ferie skal ha. Og tro meg - jeg kommer fra bygda sjøl - og kjenner meg igjen i alt du skriver. Bortsett fra det med trusene. Apropos truser; Jeg må vel feire litt bryllupsdag idag ;) (tolke den som du ønsker)

Elisabeth, innerst i veien sa...

Ho, ho, artig ferieaktivitet å lete etter trusene sine. ☺

Anonym sa...

Berre ein liten opplysning til byfolk som ikkje har vore i heimbygda si på ei stund: Gjørmebryting! Nå er det slutt på duoane som syng Crying in the rain og Bad moon rising på puben. Nå tar me med oss håndkler, finn oss ein motstandar og så "bryter" det laust... Ikkje kom her og kom her... Puben vår heng med i tida, Snakkast over ei ice, og ein kaffi m/baileys. I kveld...?

Anonym sa...

Takk for en fortreffelig aften på Godset. For å si det som nordlendingen: Hver gang vi møtes har vi det bra..... osv. Kaffi, servert frå kjel, vin servert frå kartong og ost servert med kjeks:) Litt intern, ikkje så finsleg humor, sjølironi og godsinna? sladder. Livet utan gode venner ville ha vore eit fattigare liv. Skulle dette høyrast litt sentimentalt og svulstig ut, skyldes det ikkje kaffien, men kanskje vinen...? Takk for i kveld kjære! Mvh. din gode venn Bjørnsen.

Related Posts with Thumbnails