torsdag 3. februar 2011

GULLREINT NÅ

Takk Gud for den fantastiske vaskehjelpen som stadig er innom Hjemmets Lune Rede! Ubetaleleg i grunn. My blir i veldig godt humør når ho har vore her som ein fe og gjort det som gjerast må.
Joda, det har ført med seg ein del pussige situasjonar... My og litleFrø (og spyposane og eplene og den sterke dropsen) ser seg nemleg nøydde til å evakuera huset medan reingjeringa pågår. Kva me gjer? - me køyrer rundt i bil som heimlause, for Frøet skal jo sova ser du. Fint det, å testa bilen på glatt føre til dømes, og greit nok med lunsj på Ikea eller noko. Luksusproblem dette sikkert. Eg er jo heldig, når alt kjem til alt.
Kunne jo forsåvidt prøvd å gjera oss usynlege inni huset medan ho vaskar og. Men eg vil ikkje sjå på at det er andre måtar å gjera ting på enn MIN måte. Dessutan er det vanskeleg å tilbringa ein heil føremiddag ilag med ein person som kan mindre/niksnullnada norsk.
Vaskemiddelflaskene på vaskerommet har heller ikkje polsk tekst/bruksanvisning....
Så til spørsmålet: kan ein bli løysemiddelskada av overvettes bruk av Salmiakk? Host, hark. Kjøpte nemleg ny flaske nettopp, TOM idag. Det lukta, eh, reint då eg kom heim. Svir litt i augene i kveld ja. Eg vil ikkje ha fleire diagnosar. ;)

Forresten: tusen takk for alle dei flotte kommentarane etter forrige innlegg. Det varmte!

5 kommentarer:

Janet sa...

Hihi. Ei salmiakkflaske på noen dager, ja. Jeg bruker vel sånn ca ei i året og syns det lukter grusomt. Håper ikke hun har vasket alle gulv med den der. Stakkar.

Siri sa...

Vi måtte gjemme bort mr Muscle for ovnen. Når den ble brukt på torsdag kunne vi ikke bruke ovnen før lørdag...
De må gjøre ting på sin egen måte, ellers må man bare la vær.
jeg har også hatt besøk av en engel i da - det er så deilig!

Shy sa...

Hei igjen! Det er så kjekt at du gjev lyd i frå deg att. Eg synst den give awayen du hadde, vart avslutta så kort og brått, liksom. Skjønte at det var noko, men ikkje kva. Trasig at du har vore så kvalm.
Kan ikkje tenke meg at salmiakklukt gjer kvalmen noko betre. Var litt drøy den salmiakkbruken til vaskehjelpen din. Eg pleier å ha ein kork med salmiakk i vaskebytta, dei få gongane eg vaskar då...

Unknown sa...

Høres godt ut å kjøre seg ein tur, og så komme heim til reint hus! sjøl om det stinker litt salmiakk...
Eg gjekk meg ein tur i dag, men kom ikkje heim til noko reint hus likevel.
Kom heim til nokre ungar som laga kjeks! Kjekt det og :)

Trine sa...

Nå vasker jeg ikke så ofte - så jeg vet ikke hva som er vanlig dose. Jeg truer mannen med vaskehjelp (igjen). Vi hadde ei, mens jeg gikk med tvillingene og et år etterpå. Men så syntes jeg hun gjorde så dårlig jobb, at vi sa henne opp. Vi likte henne så godt som menneske (hvis du skjønner hva jeg mener) - så vi fortalte pent at vi skulle begynne å gjøre det selv. Men nå ser jeg jo at hun gjorde NOE.... for det blir lite husvask av "gjengen som skulle samle familien hver torsdag ettermiddag for en hyggelg familievask".... Så nå må jeg bare finne en som kan vaske.

Related Posts with Thumbnails