torsdag 16. september 2010

SJØLSKRYT


Det er INGEN fare for at denne bloggen konverterar til å bli ein hobbyblogg, og du kjem heller aldri til å finna ei krambu frå meg på Epla. SÅ talentfull er eg nemleg ikkje, men eg kan litt, dersom eg vil, og med assistanse frå tanter og slikt. ;)
Men dette teppet har eg faktisk spøta, heilt sjøl. Mønsteret var i eit gammalt vekeblad frå 70-80-talet. I tillegg har eg brukt enkelte mønsterstiper frå andre oppskrifter, alt etter kva som kan passa til eigaren av teppet. Dette teppet har ein nyfødd liten gut fått, han bur på ein gard der det er traktor, gulrøter og sauer. :)
Mine 2 barn har óg fått kvart sitt teppe, eldstemann eit litt større enn pikebarnet... så ja, dersom eg skulle få 10 barn så ville mest sannsynleg teppet til nr 9 og 10 ha blitt på storleik med ein gryteklut og ei glasbrikke.
Fritt fram for skrøyt i kommentarfeltet! He-he.

13 kommentarer:

Bergljot sa...

Så flink du er! Eg er imponert.

Pia sa...

Nå skjønner jeg ikke helt hva "spøta" betyr, men jeg lar meg mektig imponere! Jeg kan ikke noe sånn spøting, eller strikking, eller sying. Du er flink!!
Hvor mange barn satser du på??

Elisabeth, innerst i veien sa...

Fantastisk! Er det elefanter på den gården også? Herlig.

SURRESILJE sa...

Flott ble det. Og det hadde jeg sagt uoppfordret og!

Gunn Beate sa...

Jeg er overvettes begeistret! Dette hadde jeg aldri fått til - eller hatt tålmodighet til. Wow.

Anonym sa...

Det blei aldeles nydeligt!!!! Får eg og visst eg får meg beibi?
Mvh din gode venn Bjørnsen

Shy sa...

Haha! Akkurat som eg skulle ha sagt det sjølv!(Ikkje fare for hobbyblogg eller Epla butikk på meg heller, men eg kan div. handarbeid dersom eg vil!)
Spøte kan eg, men det ser ut som du har fora det på baksida også, DET er imponerande det!
Sånn mønsterstripe trur eg dessutan at eg også har liggande ein plass. Hugsar eg broderte nokre av desse...

Hello Baby Lou sa...

Den var kjempefin!

underveis sa...

Veldig flott!! Skryt, skryt!
Så fint at du viser det fram!

Trine sa...

Guri, så flott!! Og fint gjort! Sånne personlige ting er det noe ekstra med. Og dette er glatt et par timers jobb..... Nydelig. Deilig fredag - :)

Trollmora sa...

spøting aner jeg ikke hva er men det ser ut som om du har strikket? Jeg er dypt imponert! Sånt skulle jeg gjerne klart å lage. .. . Kjempeflink er du!

Unknown sa...

Så fine tepper! Så personlige!
Tenk at vi gjekk med slike gensere på 80-tallet... Eg strikka meg ein sånn sjøl faktisk, så eg hadde taltent eg og ein gang...
Men nå må eg innrømme at desse mønstera gjorde seg bedre på baby-tepper! :)

MammaMy sa...

Tusen takk, damer! :)

Related Posts with Thumbnails