Det sneik seg ein kvalme over meg i ettermiddag. . . Til alle bekjente (som veit at eg nokre gonger i livet ligg utslått av kvalme, i horisontalen og ruger) : eg er IKKJE komt i omstendigheter igjen. I tilfelle så hadde eg hatt mykje til felles med Maria Møy, den reine. Apropos Maria og desse, ho er faktisk indirekte litt skuldig i kveldens kvalme. Eg var nemleg ein kjapp ettermiddagstur innom den lokale gåvebutikken, OG DER VAR DET BLITT JUL!!!!!! Er det mulig? Dersom eg ikkje har rekna feil, så skriv me 21. SEPTEMBER idag, og Jesusbarnet hadde knapt vore levedyktig sånn cirka 3 mnd før termin, ute i ein stall og alt!
Der var englar, juletrepynt, soppar, hjerter, sinkskilt med "God Jul" med meir, med meir. Fine ting alt, men det må vera visse grenser, spør du meg. (og det er det ingen som gjer). ;)
La gå da, eg VAR på julepresanghandel 8.oktober, i fjor. Men det var av reint praktiske grunnar -for eg hadde jo toska meg til og sørgt for eit aldri så lite julebarn... (Maria og eg, veit du). Så der fòr eg då, stor og tung -med ryggsekk (eg går ALDRI med ryggsekk elles!) Sekken stakk ut bak, magen stakk ut framme, og det var mykje som kunne knusast rundtomkring... Hadde visst varm hue på meg òg, så vidt eg hugsar. -Eit interessant syn sikkert. Og kven trur du som måtte spørja etter gåvepapir med julemønster, sånn i starten av oktober? Snakk om å møta seg sjøl i døra!
Men det skal eg ha -hadde eg fått ein sønn då, så var risikoen stor for at namnet hadde blitt Juul. Nokre understatements skal ein jo ha. ;) Det blei ei dotter, på Luciadagen sjølsagt, og det betyr at eg sikkert bør baka lussekattar kvart år, i overskueleg framtid. (var visst ei svingdør eg møtte meg sjøl i).
Nå er det sikkert nokon som trur at dette er fru Anti Jul sin blogg. Det er ikkje heilt sant. Jul er OK, men berre det- heilt OK. Nå har eg ikkje blogga meg gjennom ei advent og ei jul før, men eg kjenner på meg at dette sikkert er som å banna i kyrkja, i store delar av bloggeland. Akk ja, mangfald er vel bra? Berre ikkje heile jula gir bloggen min banesår, he-he..
Blir sikkert kjekt.
9 kommentarer:
Unger midt i julestria, gitt.... Dårlig planlegging! Og Jada - har vært der sjøl: Nr 2 kom dagen etter Luciadagen.
Jula kommer tidligere og tidligere hvert år. I allefall hos handelsstanden. En uting. Jeg er lei av å være lei av jula når den omsider kommer. Kan kanskje like greit ønske God Jul, nå mens vi likevel er igang :)
eg venta på å lese om julemarsipan eller annan julegodt som du hadde spist i slike mengder at du vart kvalm... :)
Men ok - kan forstå at ein kan bli litt uvel av å tenke jul nå alt..
Har jo ca ein million (litt overdrive...) bursdager å tenke på før eg skal begynne å tenke jul!
Selv jeg som elsker jula og alt som hører med hadde snudd i butikk med julestæsj nå. 1/4 av året er laaaang julefeiring. Og litt i overkant selv for oss ihuga fan!
Vett du kva som egentligt irriterar meg mest når det gjeld jul og juleforberedelser...? At eg blir så lett revet med! Har akkurat dei same kroppslige og mentale reaksjonane som deg, men så står eg allikevel midt oppi det når det nærmar seg. Har tilogmed stått i kø i mange timar i mørke og regn (frå kl 07.00 - 10.00 for å få tak i den ultimate julegåva til gutane mine.. Eg var altså ein av dei få som fekk tak i Wii på utgivelsesdagen. Ergo, så gjer eg MEIR juleforberedelser enn mange andre, for å feire ei høgtid eg eigentleg ikkje kan fordra! Forstå det den som kan... Eg forstår det iallefall ikkje... P.S. Ha ei god jul.
Det var tidlig gitt...og nå kom jeg på at det er på tide begynne med de kalendergavene, det tar tid å samle opp.
Altfor tidleg! Men sånn er det blitt! Lurer på når fyrste skikkelege julete,juleinnlegg dukkar opp her i Blogglandia?
Huff, ja, den jula, den jula..Har liksom akkurat kommet i gang på skolen (guttene), og aktiviteter og greier, så minner du meg på at snart kommer desember med alle avslutninger, grøtfester og KOOOS.
For ikke å snakke om alt man må styre i stand hjemme!
OG alt man må fikse på bloggen! Du burde allerede nå begynne å ordne klart til smashing innlegg på bloggen din.
Hehe, takk for oppmuntrande kommentar :D
Ja - det er vel ikke lenge til Julebrusen kommer i butikken nå.
Artig Blogg du har - by the way - regner med at du kommer til å se mer av meg her inne;)
Legg inn en kommentar