mandag 6. september 2010

BOMULL


I dag har me vore Kone og Mann i 2 år. Jepp, heilt sant. :) Det går forbausande bra. Trur me visste kva me gjekk til etter å ha hengt isaman sidan det Herrens år 1993! Jøss.

På internettet står det at det heiter bomullsbryllup etter 2 år. Etter 3 år står det at det heiter lærbryllup (upps!, lær?). Same kva det heiter i grunn, uansett så gjekk me inn i dette ekte skapet, eller ekteskapet. Fint skap å vera inni det, saman - så lenge ein toler kvarandre, likar kvarandre, er interesserte i kvarandre, og med fare for å bli svulstig: elskar kvarandre. Ofte lett, ofte vanskeleg.
Ei klok dame sa at dersom du spør ei kvinne om bryllupet hennar, eller om fødslane hennar, så får du svar, om ho så er 100 år og har ein fot i grava. Ein kan ikkje bli ferdig med å fortelja om det. Og nå kom det nettopp ut ein stemme frå bloggen min, som sa: Fortell litt om bryllupet, My! Høyrt på maken? Kan alle ting den her bloggen visst.

Nesten 100 gjester, utandørs vigsel-i havgapet her vest, 19 varmegrader og lett blafring i sløret, trekkspel istadenfor orgel, Deilig er jorden, sangerinne, Alt-ALT stemde! Det var vakkert, magisk, fantastisk. Rett og slett!!!

Etterpå: god mat, gode talar, vals, gåver, latter, tårer, Glede.

Du kom til meg frå grybleike strender
drøymd av Gud inni æva ein gong
Eg har bore deg på mine hender,
eg har gitt deg min djupaste song.
(Jakob Sande, Hymne)

Kunne fortalt meir, mykje meir, men stoppar her. :) Forresten, bloggen spør kva sang me dansa brudevalsen til? DET skal eg fortelja deg: Lars Demian -Man får vara glad att man inte faller ned och dør. (he-he) (Sjekk Lars Demian nederst i bloggen min, by the way) Og sjølsagt: Leonard Cohen - Take this waltz.
Sånn, nå har eg røpt mykje. Og ja, eg har fått roser til bomullsdagen, raude. ;)

eg tenke på mysteriet deg, og under over alle under: at du elske meg...... (Bjørn Eidsvåg)

9 kommentarer:

Pia sa...

Gratulerer så mye med bryllupsdagen! Både høres og ser ut som et flott bryllup!
Vi hadde også Deilig er jorden - den passer uansett!

Hello Baby Lou sa...

Gratulerer med bryllupsdagen.
Våre bryllupssanger; Love me tender og Viva Las Vegas..

Ha en super uke!

Shy sa...

Gratulerer med dagen! Fint å feire bryllup ute!

SURRESILJE sa...

Det hørtes jo helt fantastisk ut! Gratulerer med dagen! Vi har enda 14 dager igjen til vår bomullsdag;)

Anonym sa...

Gratulerer med dagen! Eg kan skriva under på at det var en flott og spesiell dag. Brud og brudgom lyste av lukka, og ein slags sjølsikkerhet. Klart og tydelig gav dei kvarandre sitt JA, der nede ved havgapet.. Kanskje ikkje dagen for dette gullkornet frå Hamsun, men litt kan de nå få å tenkja på....
"De er altså ikke gift? Nei, svarte han. Men jeg har jo ikke været helt uten motgang allikevel ... "(Knut Hamsun)
Mvh din gode venn Bjørnsen (gift i mången år)

Bloggoberta sa...

Gratulerer med dagen, Mamma My (og Pappa My!) Vi har også bryllupsdag i dag, men min mann bemerket bare, etter å ha lest bloggen din: "Mamma My har fått blomster av mannen sin i dag, mens jeg bare har tenkt meg ut for å kjøpe nye sko til meg selv." Så romantisk har vi det ;-)

Anonym sa...

Gratulerer så mye med dagen begge to:-D

Janet sa...

Gratulerer med bomull! Mange som har bryllupsdag i disse dager. Gled deg til ull. Det er helmax! ;)
Det så helt magisk ut, den der vigselen. Vakkert!

Hegeslilleboble sa...

Så flott bryllup da- utendørs og allting. Hørtes helt skjønt ut!!! Gratulerer med bomulls-feiring;) og ha en fin dag videre:)

Related Posts with Thumbnails