fredag 7. mai 2010

VAKSENLIVET

Det er høgsesong for konfirmasjonar. Og med Villa, Volvo og Voff-Voff (neida, eg har IKKJE hund, ikkje Volvo heller forsåvidt, men eg har avisabonnement!) så er ein liksom vaksen, og må fylgja med på ting som VAKSNE skal fylgja med på. -Deriblant eventuelle konfirmasjonar i nabolaget... Og ja, me har visst det, opptil fleire -og gåver må sjølsagt ungdommen få. Stas det der. Hugsar sjøl eg syntes det var ein stor dag. Mat, talar, bunad, presangar og gjester - fin tid i grunn. Bortsett frå alle kompleksene, alle leksene (det rimte jammen!), alle avstandsforelskelsane, alle kvisene. Men ganske ok i grunn, å vera femten og ha SVARET på det meste (var obsternasig ser du), og ha god tid til alt ein drøymde om å gjera. Og å vera midtpunkt i sitt eige univers, DET var deilig det! (er på ein måte i mitt eige univers ennå, men midtpunktet? -tja). Jaja, alt har si tid, som Skrifta seier. Fint no òg. :)

2 kommentarer:

Elisabeth, innerst i veien sa...

Hva!? Må man gi konfirmasjonsgave til naboungdommen? *noterer*. Jeg har noen Hello Kitty dill dall på lager, duger det?

Pia sa...

He he, jeg satser liksom på at damene i nabolaget holder rede på hvem som konfirmeres. De voksne damene.

Related Posts with Thumbnails