fredag 28. mai 2010

NOK EI INNDELING

Okei, nå var eg så fint i siget, at eg køyrer på med nok ei kategorisering. Denne gongen om radio.... Har nemleg ein teori om det óg ser du. Folk kan delast inn i 2 grupper:
  1. dei som høyrer på radio
  2. dei som ikkje høyrer på radio
Interessant det der, kanskje. Eg tilhøyrer gruppe 1. Gruppe 1 er "ein stor sekk". For radio er ikkje radio, om du skjønar? Dei som helst lyttar til P2 høyrer neppe på nærradio. Og dei som høyrer på radiobingo høyrer slettes ikkje på P3. P4 høyrer ein helst hjå frisøren, trur eg. Og P1? --hjå bestemor kanskje.
imaget mitt tilseier at eg høyrer mest på P2. Men eg har prøvd, og prøvd -utan å lukkast. Synes det gir litt kred å kunna visa til noko ein har høyrt på "Verdibørsen" eller "Sånn er livet" eller noko i den dur. Men der har eg ingenting å skilta med, dessverre. For kvar gong eg prøver meg på P2, så er det merkeleg nok enten sami-radio eller opera. Prøver P3 óg innimellom. Det er jo hipt og kuult. Men nei, altfor bråkete, og eg blir nesten flau av alle detaljane i "Juntafil" for eksempel. Skikkeleg kjerring altså. Og P4? - ein tanke masete med all den reklamen. Så ja, det er og blir P1 for meg. Det er trygt og godt det, heilt ufarleg, med lokalsending, morgonandakt, Lirekassen, Ønskekonserten ogsåvidare... For ikkje å snakka om trafikkmeldingane som dukkar opp i tide og utide! Fine svisker spelar dei óg. Kanskje dei til og med drar til med ein Dolly Parton-låt!! Fine greier det.
FØR, i gamle dagar, kunne laurdagen fortona seg slik: Ukeslutt 12:30, Radioteateret med Jernvognen og liknande, Verdt å vite, Trafikk og Musikk med UP-Olsen, Korpskonserten, og SÅ kl 17: Barnetimen for de minste. NÅ: Pop-Quiz, Øde Øy, Ukeslutt, Englefjes, 20 spørsmål.
Har jobba i radio óg eg.....kremt, nærradio altså. Brukte helst sendetida til å fortelja over eteren kva klokka var, og slike viktige ting, MED bakgrunnsmusikk! Herreminhatt.

3 kommentarer:

Lina sa...

Haha.....Jeg er nok også i kategori 1 siden jeg jobber i Radio... Da er det på en måte obligatorisk.
P1 har jo noe for alle, og ender ofte opp med å høre på den kanalen jeg også. Men i bilen hører jeg gjerne på P3 faktisk. Vil ha musikk og skitsnakk mens jeg kjører for å holde meg våken. Da hjelper det lite med frøken ur, trafikkmeldinger eller andakter.

Det var alt jeg hadde å by på i denne omgang. Men jeg er tilbake med ferske kommentarer, innlegg og andre rarieteter på mandag! God helg! :D

Anonym sa...

Eg og liker å plassere meg i kategori 1. Men etter at førstefødte meldte sin ankomst i 1983, og fjerdemann i 1999 kunne det lett bli støy med både radio, fjernsyn, video (åttitallet), dvd, dataspill, kassettspiller(åttitallet), stereoanlegg og andre ulike tekniske og motoriserte leketøy for barn. Når i tillegg faren til barna er den stolte eigar av 4! eletriske gitarer, og trur det høyes fint ut å dra den strengelyden gjennom nokon watts forsterkerar, då blir liksom radiolytting nedprioritert.. Men om lørdagen tapper eg i badekaret og tar meg eit godt varmt bad med Finn Bjelke:) Deiligt!

Snuskebassa sa...

Herlig blogg :-) Jeg legger meg til som følger!
Kjekt å treffe deg i dag :-)
Hilsen Liv

Related Posts with Thumbnails