mandag 31. mai 2010

EVENTYR


Det var ein gong, ein vakker dag i mai, at My gjekk rundt i huset sitt og tenkte på kva ho skulle ha til middag. Og ho tenkte og funderte, og blei enig med seg sjøl at grilling på terrassen var ein god ide. Det syntes Mannen og. Og Mannen kom heim, og fyrte opp grillen, slik det står i herremanualen at menn skal. Og mammaMy tusla framleis rundt i huset, og la fram nokre pølser og litt kylling og litt dekketøy. LitleFrø var òg svolten då det lakka og lei mot ettermiddag. Så som seg hør og bør, så la mammaMy og fram puppene. (eh, vanskeleg sjanger denne her eventyrsjangeren..) Og det var ein frydefull harmoni, med fuglekvitter og grill-os, då familiemedlemmene skulle benka seg rundt bordet. Nokon sat tilog me OPPÅ bordet!

(den Pepsi-Maxen du skimtar der, den er MIN. Det er ketchupen òg, utan sukker visst)

Rett som det var oppdaga My at nokon hadde lagt stolputene oppå fugleskiten som var der frå før. Men det fiksa Mannen sjølsagt opp i (medan grillen blei varmare og varmare).
I mellomtida låg gaffelen me snur pølser med og godgjorde seg - på grillen.... Og gaffelen var varm, veldig varm, og havna dermed her:


Fuglane kvitra framleis, og var i eit svært så godt humør. Og sola skein over bygd og by, over kvinne og mann, over søte små.
Pølsene steikte (fort som f...). Mannen steikte. Pølse havna (les:blei kasta i) i blomsterbedet (som forøvrig burde vore lugga).
Kanskje ligg ho der ennå? Svart som ho var.
OG ALLE VAR SAMDE OM AT DET VAR EIN GOD DAG. Så levde dei lukkeleg alle sine grilldagar. snippsnappsnute

8 kommentarer:

Pia sa...

Fint grilleventyr. Ser at du er på Pepsimax-kjøret du og? OG at dere har vippestolen oppe på bordet.

Bergljot sa...

Eia var vi der! Dette hørtes riktig trivelig ut.

Unknown sa...

Det var nok derfor vi grilla pølsene i steikeovnen i dag ja :)

Elisabeth, innerst i veien sa...

Fikk dere egentlig noe mat inn i munnen eller hvordan ble det? ☺☺

Ingeborg B. Hansen sa...

hehehe

Shy sa...

Grilling er oppskrytt! Men eventyr er kjekt, og litt eventyr skal ein jo ha av og til!
Ikkje framande hendingar i grilleventyr dette, he, he!

Trine sa...

Tji-hi. Grilling er ikke for pyser! (Og jaggu hadde jeg også brukt litt snipp-snapp og lykkelig... i innlegget mitt igår :))

Unknown sa...

Fornøyeligt!!!

Related Posts with Thumbnails