mandag 17. mai 2010

17.MAI



Vel overstått? Joda, det blei ein FLOTT dag! Utan regn, MED vind, og sol. Alt det obligatoriske er gjennomført: Mannen kledde på 1 person, mammaMy kledde på 3 personar -og sistnemnde var ferdig fyrst. (Får litt knutar i nakken når fire stk skal ha på seg bunad. Men, men - overlevde jo.) Lapskausen frå papptallerk er fortært, fløytekake likeså. Fotografering, smalltalk, rørt til tårer av diverse, studering (les: gloing) på folk, og ja-folk ER rare- inkludert oss sjølve.....
StoreFrø fortærte 4 is og 2 pølser -med meir, mykje meir. Det andre frøet opplevde sin 1. nasjonaldag, og forsynte seg RIKELEG frå det ho kunne finna BAK søljer og stæsj på ein innvikla bunad. Nå er eg søvnig, veeeldig søvnig, og veldig tilfreds. Takk for idag. :) Hipp, hipp.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hipp hipp og god natt :) må treffas snart, sånn at eg får tatt ein kikk på fjeset te de som skjuler seg bak her, ikkje denne ukå, men neste - sms kommer. Klem

Mammarie sa...

Tusen takk, du er snill du :)

Så flott den strikkabunaden var. Har du laga den sjølv?

MammaMy sa...

Strikking av bunad har eg delegert til mi kjære svigermor. ;)

Piken med hunden sa...

Takk for i dag ja! Kjempekosligt å halda lag ;)

Anonym sa...

Storfamilien blir berre større og større... Takk for fine bilder:)) Bla av piken med hunden;)

Related Posts with Thumbnails