onsdag 24. mars 2010

Dette er sengekameraten min. Barbapappa er fin å ha, for eksempel når mammaMy skal amma om natta. Då sender han ut eit Amsterdam-aktig rosa lys slik at eg kan finna puppen, babyen, klokka, eller kva det no er eg skal ha tak i akkurat då. Eg hadde bok om Barbapappa, men det var før. Han kunne forvandla seg til ei trillebår blant anna. Tenk om min Barbapappa GJER det? -blir til ei trillebår og kanskje fraktar meg avgarde (dersom eg mot formodning skulle vera i djup søvn) som ei anna sovande tante Sofie. Kanskje er Barbapappa i slekt med Kasper og Jesper og desse.

2 kommentarer:

Pia sa...

Håper du ikke strever veldig med å finne puppen om natta, da... Babyen her i huset ligger klistra til puppen hele natta, så vi trenger ikke noe lys.
Men Barbapappa er kul! Gutta liker godt bøkene, og det gjør mor og.

Anonym sa...

Lura på kva for ein pedagogiske ide det var....? Barbarfamiliens overhode med runde former, fin rosafarge og et stort hjerte i front... Når han gjer seg om til trillebår, blir han iallefall ein meir maskulin herre i huset:) Kanskje dette kunne blitt eit lite innspel i "hjernevask" debatten. Er Barbarpappa født slik, eller er det miljø? :) Eller kanskje det er forventningar frå omgivelsane? Ikkje vett eg, men me skal vel finna ut av det og me, MammaMy?:)
Mvh. din gode venn Bjørnsen.

Related Posts with Thumbnails